Jeg husker da jeg ga en liten demonstrasjon at det var noen eldre damer som kom og så på rokken (det var Rose jeg tok med da) og var helt fascinert. De husket at de spant med mor og bestemor (oftest bestemor) da de var yngre, men den mente å huske at de spann i motsatt retning til det vi gjør i dag. Det var umulig å vite om de husket riktig eller om minnene sviktet litt, men de var ikke de første eldre damer som hadde fortalt meg om det. Så, jeg lurer. :-)
Eg har ein teori...

Det er ikkje veldig lenge sidan strikking heilt utkonkurrerte nålebindingen her i Norge. Dersom eg ikkje hugsar feil har eg lese at det fyrst skjedde ein gong på slutten av 1800 talet eller så seint som byrjinga av 1900-talet. Før det var det lenge parallelle teknikkar. (I den bygda eg vaks opp snakka dei framleis om å "binde" sokkar eller vottar o.l., sjølv om eg aldri såg at dei brukte anna enn strikking og hekling...)
Når ein nålebind så heiter det at det er best å bruke tråd som er z-tvinna (eller eintråds som er z-spunne), medan til strikking skal det vera best med s-tvinna.
Kvinner som spant garnet sitt sjølve hadde kanskje litt sterkare band til gamle tradisjonar og hadde som regel lært handverket av si mor som igjen lærte det av si mor osv. og dermed har dei lært korleis dei spant garnet etter gamalt; nemleg den måten som passa best til å nålebinde...
No for tida er det berre få som driv med nålebinding, så alt kjøpegarnet og det meste av det me spinn til oss sjølve blir s-tvinna (s-spunne for eintråds).
Det er no det eg trur
